Velkommen til meg
Ann Kristin Sæbø
Familieterapeut, klinisk barnevernspedagog
og godkjent fagleg rettleiar.
AKS samtale kan tilby eit rom for samtale og refleksjon. Står du i ein utfordrande livssituasjon, eller treng å tenke høgt saman med nokon, ta kontakt.

AKS Samtale er di lokale kjelde til profesjonell støtte. Eg er ein erfaren familieterapeut og kursholdar med over 15 års erfaring i å hjelpe enkeltpersonar, og familiar med å bygge sterkare og sunnare relasjonar. Mitt mål er å gi støtte, innsikt og praktiske verktøy som kan hjelpe deg og din familie med å navigere gjennom utfordringar. Velkommen til eit trygt og støttande miljø.
Eg tilbyr individuelle samtalar og parsamtalar via videokonferanse, slik at du kan få støtte og rettleiing uansett kvar du er. Mine tenester er konfidensielle og uforpliktande. Eg bruker evidensbaserte metodar for å hjelpe deg med å forbetre kommunikasjon, løyse konflikter og bygge sterke relasjonar. Ta kontakt for å finne ut korleis eg kan hjelpe deg her.